10 år NKF

Kvedarforum 10 år i 2012

Jubileumsseminar i Bø

I april i år har Kvedarforum 10 års jubileum og vender tilbake til Bø i Telemark der det heile starta.
Med eit mangfald av dialektar og språk blir det duka for seminar, gregoriansk songmesse og flerkulturell festkveld med samvær i song og leik
Les mer
stor logo kvedarforum_150x150

Nytt Kvedarforumstyre i jubileumsåret

Norsk Kvedarforum 2012

Årsmøtet valde Veslemøy Fjerdingstad til ny leiar i Kvedarforum for 2012. Med seg har ho Jarnfrid Kjøk frå det gamle styret og Hege Nylund kom tilbake til styret igjen. Nykommarar vart Bjørn Sigurd Glorvigen som kasserar og Øyunn Romtveit som nytt styremedlem. Tone Juve kom inn som ny vara og Agnes Buen Garnås fortsett som vara i 2012. Årsmøte vart halde med Kvedarkveld, Miniseminar og Dommarkurs på Grønland i Oslo.
Les mer
Norsk kvedarforum skipa

Kvedarforum jubilerer

I 2012 har det gått eit tiår sea stiftingsmøtet under stevseminaret i Bø i 2002. Om tida flyg har Kvedarforum gjort den til flygereiskap for song, bansullar, balladetradisjonar og stev, for å nemne noko frå dei rike songtradisjonane som tidlegare batt folk i hop. Jubileet markerast på ymse vis gjennom 2012. Vi vonar mange belagar seg og kjem på dei mange spennande samlingane i året som kjem, men også at eldsjeler samlast om lokalstoff og jubilerer med song og leik for born, unge og alle aldrar.
Les mer...
Lindeman

Lindemandagen 2011

Lindemandagen vart feira på Biermannsgården i Oslo 26. november
Konsert og kvedarstund med Veslemøy Fjerdingstad fra Kongsberg.
Les mer...
Mot normalt med Kraviklyre

Rapport frå Kvedarseminar 2011

Mellomalderballade i mellomalderdal

Brøstrud i Uvdal i Numedal var perfekt ramme rundt årets Kvedarseminar, 16.-18. september 2011 Mellomalderballade i mellomalderdal
Bildet er frå konserten på Brøstrud, Mot Normalt Med Kraviklyre, laurdag 17. september. F.v. Åsne Bergset, Gro Brattås, Liv Bergset og Åshild Wetterhus med lyra. Foto Jarnfrid Kjøk
Les mer...
Lysbilde1

Kjømeistersong inn i vår tid

Den eineståande kjømeistertradisjonen til Steffen Eide har nå blitt til eit prosjekt med arbeidstittelen, “ Kjømeistersong inn i vår tid”. Dette blir ei plateutgjeving produsert av Etnisk musikklubb, på initiativ frå Agnes Buen Garnås med støtte frå styret i Norsk kvedarforum.


Les mer...
Hardanger juni 2009 038

Bilder fra Hardanger

I juni 2009 var det kjømeisterseminar i Hardanger, her kan du se bilder derfra, fotograf, Jan Heyer
Read more...
Nu rinder solen op

Seminarrapport 2010

Nu rinder Solen op

Den gamle Bryggen i Bergen havn var en del av rammen rundt kvedarseminaret for 2010 om folketoner i salmetradisjonen.
Les mer...