Jubileumsseminar i Bø

kvedarforum annonse-plakat_02Møte i mangfald - Samvær i song og leik 13. – 15. april 2012 i Bø i Telemark
I april i år har Kvedarforum 10 års jubileum og vender tilbake til Bø i Telemark der det heile starta.
Med eit mangfald av dialektar og språk blir det duka for seminar, gregoriansk songmesse og flerkulturell festkveld med samvær i song og leik
Påmelding med e-melding til: jarnfrid@online.no / 91881991 / 22693209 Frist for betaling av seminaravgift: 10. mars
Seminaravgift (inkluderer festsamvær med måltid fredag): Medlemmer kr. 1200, ikkje medlemmer kr 1500 og kr. 500 for barn. Familierabatt.
Informasjon: agn-garn@frisurf.no / 35953365 / 90868835
Arr.: Norsk Kvedarforum i samarbeid med Folkeakademienes Landsforbund, med økonomisk stønad frå: Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Lindemans Legat, Folkeakademienes Landsforbund, Komp

Klikk på plakaten for å sjå den stor.

Kvedarforum 10 år: Jubileumsseminar
Møte i mangfald - Samvær i song og leik
13. – 15. april 2012 i Bø i Telemark

Fredag 13. april kl 18.00 Festsamvær - bordsete, kveldsete og dans - på Sandvin ungdomshus: Barn og unge teledølar syner noko av det som dei har øvd på i det siste, og dei tek gjestene inn i dansen. Her får vi god tid for å bli litt kjent med kvarandre på tvers av grenser, ulike dialektar og språk. Arr.: Agnes Buen Garnås, Bø U.L. Bø Dansarring og Spelemannslaget Bøheringen

Laurdag 14. - sundag 15. april Seminar med festkveld på Bø Hotell: Kvedarar frå nord, sør, aust og vest og utøvarar med andre tradisjonar - sørsamisk, nordsamisk, kvensk og finnskog-finsk, jødisk, iransk og søramerikansk møtest. Innlegg, undervisning i grupper, konsertar: «Vrimmel», ”Skomakeren som sang" og "Naranhaverden". Allsongstunder. Kjøkemeister leier seminardagane og festkvelden.
- Alt tilpassa alle aldrar frå 0 – 88 -

Utfart til Nes Kyrkje, laurdag midt på dagen: Paradishopping og regle-rekkegang i labyrint før inngang til gregoriansk songmesse med kyrkjekoret. Seminardeltakarane får og vere med og syngje.

Seminaravgift (inkluderer festsamvær med måltid fredag):
Medlemmer kr. 1200, ikkje medlemmer kr 1500 og kr. 500 for barn. Familierabatt.
Betal til: 20850716324 Norsk Kvedarforum v/ kasserar (ny frå 2012).
Informasjon: agn-garn@frisurf.no / 35953365 / 90868835
Påmelding med e-melding til: jarnfrid@online.no / 91881991 / 22693209
Frist for betaling av seminaravgift: 10. mars

Overnatting:
Bø Hotell: Pris pr person kr. 450 dobbeltrom / Mat: lunsj to dagar og middag (tre rettar laurdag) kr. 550. Barn 4-13 år halv pris.
Kontakt: Bø Hotell tlf.: 35 06 08 00
Beverøya Camping: Eks: kr. 950 (4 personar) /1400 (7personar)
Kontakt: Beverøya Camping: tlf.: 35 06 18 81


Arr.: Norsk Kvedarforum i samarbeid med Folkeakademienes Landsforbund,
med økonomisk stønad frå: Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Lindemans Legat, Folkeakademienes Landsforbund, Komp,

Velkomen! Agnes Buen Garnås og Jarnfrid Kjøk



OMTALE

NORSK KVEDARFORUM 10 ÅR :
MØTE I MANGFOLD - SAMVÆR I SONG OG LEIK
Jubileumsseminar 13.-15.april 2012 i Bø Telemark

Vi samlast fredag 13. april kl 18.00 til festsamvær der Agnes Buen Garnås, Bø U.L.Bø Dansarring og Spelemannslaget Bøheringen er vertskap. Barn og unge viser fram noko av det dei har øvd på i det siste og tek gjestene med i dansen.
Laurdag og sundag 14.-15. april er det seminar med festkveld på Bø Hotell. Folkeakademienes Landsforbund er samarbeidspart, og det er gjeve tilsagn om pengar frå Norsk kulturråd, Lindemans Legat, Rådet for folkemusikk- og folkedans og Folkeakademienes Landsforbund.
Det norske mangfaldet, kvedarar frå nord og sør, aust og vest og utøvarar med nord- og sørsamisk, kvensk og jødisk, iransk og søramerikansk/indiansk bakgrunn, formidlar sine song- og leiktradisjonar i konsertinnslag og undervisning i grupper.
Hovudmål er å gjeva oppleving av song og leik som samværsformer som inkluderer alle i alle aldrar «frå 0 til 88», gjeva kjennskap til mangfaldet av uttrykk og innføring i tradisjonelle, pedagogiske og kunstnarlege former for formidling. Allsongstunder og kjøkemeister som leier lag og fest med song inngår i programmet. Utfarten til Nes Kyrkje, der vi skal delta i gregoriansk messesong, omfattar ei utestund med paradishopping og regle-rekkedans i labyrint og innføring i symbolikkslektskapen med kyrkjerommet.
Du som har, gjer vel og ta med deg songelevane dine og /eller barn/barnebarn til dette seminaret. Opplev samver i mangfald og få inspirasjon som du utviklar vidare saman med dei unge.

PROGRAM
Fredag 13/4
kl. 1600 - 1730 Velkomst og registrering på Bø Hotell
kl. 1800
FESTSAMVÆR PÅ SANDVIN Bli kjent–kveld. Kulturprogram, Bordsete, Dans .

Laurdag 14/4
kl. 0800 - 0930 Frukost Bø Hotell
kl. 0930 - 1000 Agnes og Jarnfrid: ”Me dansar og kved” slåttestev og leikar med alle (i alle aldrar)
kl. 1000 - 1100 Ivanir og Safira Hasson:”Skomakeren som sang" Jødisk tradisjon
kl. 1100 - 1130 Veronica Salinas og Marius Graff: "Naranhaverden".
kl. 1130 - 1300 Song i grupper:
Elin Sappola Brandvold kvensk / Sinikka Langeland Finnskogtrad.
Ante Mikkel Gaup nordsamisk / Cecilia Persson, Trondheim, sørsamisk
Sigrid Randers-Person / Tone Juve
Oline Løvlid / Ingvill Marit Buen Garnås
Javid Rad / Trygve Seim
Kirsten Bråten Berg leier allsong ved bordsetene/når det passar.
kl. 1300 Dugurd
kl. 1430 - 1500 Nes Kyrkje (Utfart)
I kyrkja: Barn og vaksne syng gregoriansk messe leida av Henrik Ødegaard
Ute: Vi hoppar paradis og går labyrint etter regler (NB: med atterhald for veret!)
kl. 1530 - 1630 Song i gruppe
kl. 1630 - 1700 Kaffe og noko attåt
kl. 1700 - 1730 Olav Bjørgum: Setesdalsstev / Symbol i folketradisjonen
kl. 1730 - 1800 Ellen Baskår med sin biletkunst på data / Ho leier songen
Visuell kunst som middel i innlæring av songar med mange vers.
kl. 1800 Den lille prinsen, ei framsyning på Gullbring kulturanlegg
kl. 2000 Middag
kl. 2030
Konsert og festkveld; Kjøkemeister Oline Løvlid
Vi møtest på ”Parketten” (Stort rom i kjellaren) til kveding og dans!
Vrimmel, konsert med Javid A. Rad (santur),Veronica Selina, Ivanir Hasson, Safira Hasson, Ante Mikkel Gaup, Cecilia Persson, Sinikka Langeland (kantele), Agnes Buen Garnås, Trygve Seim (saxofon).
Vi syng, leikar og kved
Sundag 15/4
kl. 0900 Frukost
kl. 1000-1030 Veslemøy Fjerdingstad: Kåseri/film: Intervju med ungdom som hadde folkeviser i barnehagetida si: Kva har det tydd for dei seinare i livet?
kl. 1030-1130 Song i gruppe
kl. 1130- 1230 Gruppene møtest til ”Kvart vårt 5 minutts musikalske innslag. Fritt fram!”
kl. 1230 Tid for å pakke seg ut av roma
kl. 1300 Dugurd / m. avrunding og heimreise
Salsutstilling: Alle som har publisert bøker, plater og illustrasjonar til folkesong for sal, – gjer vel og ta det med så vi kan sjå og kjøpe!

Med atterhald for endringar i programmet.


Seminaravgift (inkluderer festsamvær med måltid fredag):
Medlemmer kr. 1200, ikkje medlemmer kr 1500 og kr. 500 for barn. Familierabatt.
Betal til: 20850716324 Norsk Kvedarforum v/ kasserar (ny frå 2012).
Informasjon: agn-garn@frisurf.no / 35953365 / 90868835
Påmelding med e-melding til: jarnfrid@online.no / 91881991 / 22693209
Frist for betaling av seminaravgift: 10. mars

Overnatting:
Bø Hotell: Pris pr person kr. 450 dobbeltrom /Mat: lunsj to dagar og middag (tre rettar laurdag) kr. 550. Barn 4-13 år halv pris.
Kontakt: Bø Hotell tlf.: 35 06 08 00
Beverøya Camping: Eks: kr. 950 (4 personar) /1400 (7personar)
Kontakt: Beverøya Camping: tlf.: 35 06 18 81

Seminargruppa, Agnes Buen Garnås og Jarnfrid Kjøk

Tip a friendTips en venn