Kjømeistersong inn i vår tid

Den eineståande kjømeistertradisjonen til Steffen Eide har nå blitt til eit prosjekt med arbeidstittelen, “ Kjømeistersong inn i vår tid”. Dette blir ei plateutgjeving produsert av Etnisk musikklubb, på initiativ frå Agnes Buen Garnås med støtte frå styret i Norsk kvedarforum.


Hardanger juni 2009 038
På bildet fra Hardanger folkemuseum 2008 ser vi Steffen Eide til høyre og Agnes Buen Garnås helt til venste (foto, Jan Heier)
Hardanger juni 2009 060
Felespel for brudeparet på hardnger folkemuseum. Foto Jan Heier
Hardanger juni 2009 059
Kjømeisteren. Foto Jan Heier
Norsk kvedarforum ser Steffen Eide og kjømeistertradisjonen hans som eineståande i Noreg. Med 5 generasjonars kjømeistrar bak seg i familien har han ikkje berre eit unikt songrepertoar; i stil og uttrykksform representerer han gamal og ekte kveding, og han har dyrka denne som kjømeister sjølv gjennom eit langt liv. At dette vert dokumentert og lydfest er derfor svært viktig. Agnes Buen Garnås har i lengre tid arbeidet med prosjektet som er ei oppfylgjing av Norsk Kvedarforum sitt initiativ etter Kvedarseminar 2007 i Voss om emnet kjøkemeistertradisjonar. Arbeidet kom i gang etter Kjømeisterseminaret på Aga i Hardanger 2008. Forlaget/plateselskapet, Steffen Eide og Ingrid Gjertsen står for utforminga/redigeringa av produktet. Norsk Kvedarforum står som initiativtakar ved Agnes Buen Garnås og som støttande fagforum bak utgivinga. (JK/JSM)

Tip a friendTips en venn