10 år NKF

Kvedarforum 10 år i 2012

Jubileumsseminar i Bø

I april i år har Kvedarforum 10 års jubileum og vender tilbake til Bø i Telemark der det heile starta.
Med eit mangfald av dialektar og språk blir det duka for seminar, gregoriansk songmesse og flerkulturell festkveld med samvær i song og leik
Les mer
Norsk kvedarforum skipa

Kvedarforum jubilerer

I 2012 har det gått eit tiår sea stiftingsmøtet under stevseminaret i Bø i 2002. Om tida flyg har Kvedarforum gjort den til flygereiskap for song, bansullar, balladetradisjonar og stev, for å nemne noko frå dei rike songtradisjonane som tidlegare batt folk i hop. Jubileet markerast på ymse vis gjennom 2012. Vi vonar mange belagar seg og kjem på dei mange spennande samlingane i året som kjem, men også at eldsjeler samlast om lokalstoff og jubilerer med song og leik for born, unge og alle aldrar.
Les mer...
Lindeman

Lindemandagen 2011

Lindemandagen vart feira på Biermannsgården i Oslo 26. november
Konsert og kvedarstund med Veslemøy Fjerdingstad fra Kongsberg.
Les mer...