Lindemandagen i Oslo 29. november 2008

Generasjonsmøtet om Lindeman mellom Agnes Buen Garnås, Dagne Groven Myhren, Ingvill Marit Buen Garnås, og Øyonn Groven Myhren, mødre og døtre, utgjer i Kvedarforumsamanheng ei historisk markering. Med kvedarkursa på Club 7 i Oslo og kvedarseminara i distrikta fyrst på 1970-talet sto mødrene, Agnes og Dagne, for starten på det som i dag er Kvedar-Noreg og fundamentet for Norsk Kvedarforum.

lineman konsert08
Agnes Buen Garnås, Dagne Groven Myhren, Ingvill Marit Buen Garnås, og Øyonn Groven Myhren Foto.Hanne Borchgrevink
rikscenen logo

Saman med fleire andre jenter arbeidde t.d. Agnes med Lindemanstoffet i ein slik grad at Lindemankjennaren framfor nokon, Øystein Gaukstad, kalla dei ”Lindejentene”. Døtrene, Ingvill Marit og Øyonn, representerer kvedarforumprosjektet I Lindemans fotefar, yngre kvedarar kvar med målet å levandegjera Lindemanstoffet i distrikta sine. Førebels har dette arbeidet resultert i konsertseriar og NRK-program. I det perspektivet er Lindemandagen eit ledd til kunnskap og inspirasjon for vidare oppfylgjing.

Om berre 4 år er det 200 årsfeiring av L.M.Lindeman (f. 1812). Dagen i seg sjølv vart eit djupdykk i Lindemanstoff og eit framifrå uttrykk for korleis kunnskapsrike og dyktige utøvarar utfyller kvarande og blenkjer kvar med sin personlegdom og særpreg. Samtidig rører emnet og stoffet ved kjerneproblem for unge kvedarar i vår tid som står i skjæringspunktet mellom levande tradisjon og skriftfesta symbol.

Mange unge er notekunnige og kan gjera gjera ein notearv levande att, men det er ikkje utan vidare gjort å gjeva gjenskapte tonar den gamle tradisjonelle syngjemåten og tonestilen.
Emnet og oppgava Lindeman i generasjonsperspektiv har tydelegvis vore inspirerande, og dei fire utfalda seg gav intense stemningsmetta musikkopplevingar for oss som fann vegen, fyrst til seminar i Biermannsgården ved Sagene og seinare til kveldskonserten skipa i samarbeid med Riksscena på Kafeteatret på Grønland.
Båe stadene var vakre og verdige rammer rundt songarven. Biermannsgården er eit lite, lunt og kosleg, freda, førmoderne byhus, og Kafeteatret, tidlegare kyrkjerom for metodistar, har ikkje berre ein svært god akustikk for song, men også særlege arkitektoniske kvalitetar, eitt høglofta, ljost og vakkert, stilfullt rom. Båe lokala var godt som fullsette, men mange fleire bør ha del i dette, og det er å vone at dei fire vil ta steg vidare ut.

Seminaret starta med at Dagne Groven Myhren sette Lindemanætta inn i ein kulturhistorisk samanheng, men med hovudvekta på Ludivig Mathias Lindeman og det han har hatt å seia for musikklivet i samtid og ettertid. Ho illustrerte med mange døme, frå personlege minne, td. frå eigen heim og til den dagsaktuelle Wergelandfeiringa. Wergeland og Lindeman verka båe i studentmiljøet i samtida.
Wergeland til dømes oppmoda studentar til å syngje folketonar frå eigne distrikt, og desse sette Lindeman på notar. Og det var Lindeman som tok ansvaret for melodiane i Landstads folkeviseutgåve, som han stort sett skreiv ned etter prestedottera Olea Cröger.
I stor grad har han gjeve stoff og inspirasjon til mange av dei kjende norske komponistane på 1800- og 1900-talet, og nordmenn flest har fått med seg folketonar som Lindeman skreiv ned i songbøker for heim og skule, salmebøker og kyrkje.
I foredraget la ho hovudvekta på arbeidet hans med salmetonane. Ho påpeika at han var nøyaktig med å skrive ned melodiane etter informantane, men at han ikkje våga å ta inn dei utbroderte folkelege koralane i kyrkjeromet.
Mange av desse tonane har røter i danske salmebøker frå 1500- og 1600-talet, men formidla munnleg og gjennom hundreåra hadde dei utvikla seg uavhengig av noter og orgel til eigne variantar i samsvar med nedervde folkelege songtradisjonar. Lindemann fann likevel at den tradisjonelle folkelege songstilen, t.d. den dei gamle Kingosongarane nytta, høvde dårleg for samsong i kyrkja.
Lindemans far laga den fyrste norske koralboka på 1830-talet. Den gav att dei gamle koralane frå reformasjonstida rytmisk uthamna og utan forsiringar. Sonen, L.M. Lindeman, ynskte ein friskare song i kyrkjene, og rytmiserte tonane frå reformasjonstida etter eige skjøn, og kom i konflikt med musikk-kunnige folk som ville tilbake til reformasjonskoralane slik dei var nedteikna på 1500- og 1600-talet, t.d. i melodisamlinga som høyrde til Kingos salmebok frå 1699, ”Kingos Graduale”.

Denne konflikten vert kalla ”salmesongstriden”. Ho vektla også at Lindeman i staden for å nytte dei levande, folkelege koralvariantane, laga nye tonar med folketonepreg og at han trefte så godt med desse at folk lokalt dikta dei om eller vidareutforma dei i samsvar med tradisjonell song, dvs. slik dei tidlegare hadde gjort med reformasjonskoralane. På 1900-talet kom fleire av salmetonane frå Lindemans samlingar, altså melodiar som han sjølv hadde halde utanfor kyrkja, inn i Landstads reviderte salmebok. Slike er t.d. tonane til ”Den store hvite flokk” og ”I himmelen”.
Ho oppsummerte med at Lindeman lever vidare i moderne salmebøker, men annleis enn han sjølv hadde tenkt seg!

Agnes Buen Garnås la vekt på det Lindeman, og etter han andre musikksamlarar, har hatt å seia for å ta vare folketonane for ettertida, også ho gav personlege glimt frå sin heim, men fyrst og fremst frå sitt kvedarlivet og illustrerte innlegget sitt med mange songdøme.
I sum påpeika ho at vi knapt hadde hatt kjennskap til så mange balladetonar om ikkje Lindeman hadde vore.
Alle dei mest kjende balladetonane er nedskrivne av Lindeman, og ho påpeika, som og DGM gjorde, at om ikkje noteredigeringa hans gjer det, så dokumenterer kladdane hans ei mesterleg god forståing og vilje til nøyaktig nedskriving av rytmiske og tonale særpreg.
Ho meinte at han ikkje berre har forstått og tilpassa seg dei utfordringane som den folkelege songstilen innebar, men at han også var driven av kjærleik til stoffet. Utan denne hadde ikkje folk fått tiltru til han og gjeve han tonane, hevda ho.
Frå arbeidet sitt med Lindemanstoff gav ho også eit blikk inn i sjølvopplevd kulturskiljet elite - folk: tidlegare kunne kvedarar som ville arbeide med materiale i offentlege arkiv møte hindringar. Dersom dei ikkje var studentar eller forskarar fekk dei ikkje kopiere materialet.

Ingvill Marit Buen Garnås og Øyonn Groven Myhren formidla frå arbeidet med Lindemanstoff i bygdelaga sine, Hjartdalsbygdene i Telemark og Oslo- og Akerområdet.
Dei gav vakre og spenstige døme på tradisjonsstoffet. Øyonn nytta også lyre og song til eige tonefylgje. Hennar framføring av stoff frå Sørkedalen og Maridalen, m.a. med eventyrforteljing, viser at det eingong har vore ein bygdetradisjon i song og segner, men som ho også sa, i dagens Oslo opplever ho som kvedar å kjenne seg mest att i den toneverda ho møter blant innvandrarar - skrå tonar og forsiringar som vanskeleg let seg fange på eit notepapir.

Båe stilte dei med god grunn spørsmålet om kva hadde funnest i dag frå desse bygdene om Lindeman ikkje hadde vore. Dei gav glimt av enkeltpersonane som samlaren Lindeman møtte og samstundes eit inntrykk av kor skjør denne songarven var i Lindemans samtid og kor viktig Lindeman hadde vore. Ingvill Marit gjekk også inn på endringsprosessane i lokalmiljøet, særleg korleis religiøse vekkingar verka negativt for den tradisjonelle songen. Likeeins la ho vekt på at prestefamiliane og enkeltpersonar, som Tomine og Lisa Finkenhagen i Hjartdal, bidrog til å berge tekst og tonestoff for ettertida.
Til diskusjonen om kva Lindeman har hatt å seia for songarven, reiste ho spørsmål om han hadde fullt ut skjøn for den gamle syngjemåten, og ho trekte ein parallell til folkemusikkvitarar i dag; dei uttalar seg på måtar som tydeleg gjenspeglar at dei har klassiske songideal som rettesnor. Samlarens fortenest er at han berga tonestoff, men det som er lært og formidla i levande tradisjonar eller lydfesta, er sjølve føresetnaden for at noteoppteikningane kan gjenskapast som folkemusikk. Bånsulltradisjon og det at ein song nytt repertoar, jamvel salmer og bedehussongar, på den gamle måten syner at kvedarstilen har overlevd i enkelte område fram til i dag.


Konserten vart ei oppleving med levande vakker og medrivande song frå dei fire, og, for dei som fekk med seg både seminaret og konserten, eit høgdepunkt og spennande vidareføring. Under tittelen Med stramme taumar og laus snipp leidde Eli Storbekken og Halvor Håkanes konsertkvelden. Dei gav ein ekstra dimensjon til konserten ved at dei let overgangane frå den eine kvedaren til neste vera ei songbru i staden for snakk, og dei sto sjølve sentralt i resten av kvelden der scena var open og der også publikum fekk utfalde seg i song.

Takk til alle, de som medvirka til opplevingar og til interessert og lydhør lyd, og endeleg takk til Rikscena for samarbeidet. Kvedarforum ser fram til mange slike konsertstunder der songen rår grunnen åleine.
 
Jarnfrid Kjøk

 

Tip a friendTips en venn