10 år NKF

Kvedarforum 10 år i 2012

Jubileumsseminar i Bø

I april i år har Kvedarforum 10 års jubileum og vender tilbake til Bø i Telemark der det heile starta.
Med eit mangfald av dialektar og språk blir det duka for seminar, gregoriansk songmesse og flerkulturell festkveld med samvær i song og leik
Les mer
Norsk kvedarforum skipa

Kvedarforum jubilerer

I 2012 har det gått eit tiår sea stiftingsmøtet under stevseminaret i Bø i 2002. Om tida flyg har Kvedarforum gjort den til flygereiskap for song, bansullar, balladetradisjonar og stev, for å nemne noko frå dei rike songtradisjonane som tidlegare batt folk i hop. Jubileet markerast på ymse vis gjennom 2012. Vi vonar mange belagar seg og kjem på dei mange spennande samlingane i året som kjem, men også at eldsjeler samlast om lokalstoff og jubilerer med song og leik for born, unge og alle aldrar.
Les mer...
stor logo kvedarforum

Kvedarforumhistorie




Norsk kvedarforum vart stifta i Bø i Telemark 27.april 2002 i tilknyting til Stevseminar 26.-27.april v/ Høgskolen i Telemark, Folkeakademiet i Bø, Norsk folkemusikk og danselag. Intitiativtakar Agnes Buen Garnås i brev dagsett 28. februar 2001,utsendt til 100, tilbakemeldingar frå 50
Logoen som er laga av Hanne Borchgrevink heiter ' Å vi du stevjast…'
Illustrasjon, i Askjem, Bonnevie, Borchgrevink, Buen Garnås, Huvestad 1984: ”54 viser og stev frå Øst-Telemark” (Grøndahl og Søn Forlag)
Les mer...
Laus snipp plakat

SEMINAR

Lindemandagen i Oslo 29. november 2008

Generasjonsmøtet om Lindeman mellom Agnes Buen Garnås, Dagne Groven Myhren, Ingvill Marit Buen Garnås, og Øyonn Groven Myhren, mødre og døtre, utgjer i Kvedarforumsamanheng ei historisk markering. Med kvedarkursa på Club 7 i Oslo og kvedarseminara i distrikta fyrst på 1970-talet sto mødrene, Agnes og Dagne, for starten på det som i dag er Kvedar-Noreg og fundamentet for Norsk Kvedarforum.
Les mer...